Samisk skolehistorie 3 - Bokmelding i Utdanning 2-2010

John Gustavsen

Svarte kapittel i norsk skulehistorie

Det tredje verket i serien Sámi skuvlahistorjá/Samisk skolehistorie innheld sterke bodskap frå skulestova. Lukkeleg nok har samane vorte fri dei verste overgrepa. Kunnskap om fortida har vore viktige steg mot forbetring.

Det tredje bandet er delt inn i tre hovudbolkar. Den fyrste tek for seg grunskulen, den andre vidaregåande opplæring og den tredje bornehagane. Samiske born har frå dei er små fått sjanse til å læra morsmålet slik at dei kan gå til grunnskulen med heva hovud og ikkje redsle. I kapitla om grunnskulen les vi forteljingar som har mykje til felles med det vi las i dei to fyrste verka i serien, men frå nye distrikt. På slutten av boka kjem kjende skulefolk og forskarer med artiklar som gjer greie for noko av utviklnga. Desse er skrivne av Else Marie Isaksen, Jon Eldar Einjord, Jon Todal og Eivind Bråstad Jensen. Gjennom styrka opplæring og forskning har det samiske skulesamfunnet fått løft som i revisjonsåret 1967 var utenkjeleg. Todal syner korleis fornorskninga frå 1860 til 1967 gjorde slutt på det samiske språket i mange distrikt. Mykje vondt blod var nytta for å sverta samane si sjølvkjensle. Fornorskningskreftene kunne tura fram i regi av Gud. Noko av det fyrste som vart trykt på samisk, blei skriven av presten Nils Anderson, ”ABC Book på Lappesko Tungomål”, for 390 år sidan. Han såg at vegen til Vårherre gjekk gjennom morsmålet. Då Thomas von Westen kring 1715 freista kristna samane, måtte dei gå vegen om samisk. Men det har vore ei stor overdriving å halda på at von Westen kristna samane, den bragden var det Lars Levi Læstadius (1800-1861) som sytte for.

Den andre bolken, frå 1967 til 1987, kallar Todal ein overgangsperiode, no fekk samiske born i Karasjok og Kautokeino som dei fyrste skrive- og leseopplæring på samisk. To år seinare var dette felt ned i skulelova. Så kom vitaliseringsperioden frå 1987 av. Samisk som fyrstesspråk kom inn i fagplanen. I 1997 fekk ein samiske læreplanar i dei fleste faga, reformen var eit faktum.

Eit maraton-laup

Dei to fyrste bidraga i serien kom i 2005 og 2007. Sjølv om det er mykje felles i dei personlege tekstane som er skrivne, tener det saka at ulike stemmar kjem til uttrykk. Det er på ny lærar og skribent Svein Lund som dreg det største lasset, men han har med seg solide og røynde folk, Siv Rasmussen, Elfrid Boine og Siri Broch Johansen. I starten med dette arbeidet var det ikkje lett å få løyvande styresmakter med. Etter kvart har pengane kome. Forfattarane burde alt i forordet nemnd finanskjeldene.

Mest fengslande er dei ulike forteljingane, dei fleste i form av intervju ved Lund. Opp gjennom åra har det kome mykje litteratur om skuletilhøva i indre Finnmark. I denne boka får vi innsyn i korleis det var i kystkommunar som Lebesby, Kvalsund, Hasvik og Lavangen. Ektefellene Astrid og Alfred Olsen frå Lebesby fortel om korleis elevar som nytta samisk, blei nekta mat på internatet, ”blei mobba, slått og misbrukt”. Dette forplanta seg til neste generasjon med alvarlege konsekvensar. Nokre av desse beretningane handlar om ”udetonnerte bomber”, menneske som vart så plaga at dei aldri kom seg.

Er det berre tragisk lesnad? Mykje har betra seg. I Hasvik kommune på Sørøya krevde foreldre på 1990-talet samisk for ungane. I 2008 las 15 elevar ved to av skulane samisk, utenkjeleg før vitaliseringstida. Den unge generasjonen av foreldre har vore sterk nok til å stilla krav ut frå menneskerettane. Solfrid Fossli frå Spansdalen i Lavangen fortel korleis folk før brende bilete av foreldre og besteforeldre der dei var kledt i samekofte. Skamma bora så djupt at mange nok vart mental invalide.

Vi treng klåre vitnemål i ei tid då politiske krefter vil ha slutt på den samiske kulturreisinga. Grunnbøker av dette slaget kan verte tomta for viktige vitskaplege byggverk. Noreg kan stå foran ein straum av flyktningar og asylsøkjarar frå andre kulturar som vil gjera krav på human handsaming. Desse tekstane på samisk, bokmål og nynorsk kan bidra til å styrka utviklinga av den norske skulen i pluralistiske busetnadsområde. Sjølv om redigeringa kunne ha vore strengare, inneheld denne boka skakande og naudsynlege vitnemål. Norsk skule vert betre om ein tek omsyn til og endrar på det gale.

Svein Lund, Siv Rasmussen, Elfrid Boine, Siri Borch Johansen:
Sámi skuvlahistorja/ Sámij skåvllåhiståvrra/Saemien skuvle-vajeese/ Samisk skolehistorie
Davvi Girji OS 2009
458 s.


Samisk skolehistorie 3 - startsida